Nordre Nes

Gvarv, Telemark
Nordre Nes

Nordre Nes

Garden Nordre Nes ligg i eit tradisjonsrikt og idyllisk fruktlandskap på Nesodden, ut mot Norsjø i Telemark. Her er det eit særleg godt klima for fruktdyrking, og på Nordre Nes har det vore dyrka eple for salg i fleire generasjonar. Vi som bur her no er Tone Ness og Mikkel Aanderaa og dei to borna våre Marie og Johanne. Garden vår er på 180 daa dyrka mark, av dette er 90 daa eple, 20 daa plommer og 70 daa korn. 10 daa med epletre er økologisk og frå våren 2023 er dette auka til 25 daa. Ved sida av å dyrke korn og frukt, lagar vi også eplemost og eplesider, og så har vi eit lite blomsterfelt med georginer og andre snittblomar der ein kan plukke sine eigne blomar i sesong. Vi ønskjer ikkje berre å dyrke mat, vi ønskjer og å nå dirkete fram til folk og vise kva ein fruktgard kan vere. Vi vil dele litt av sesongens særpreg, stemningen på tunet og i frukthagen vår, og håper eit besøk hos oss kan gje eit lite puserom. Det er ei oppleving i seg sjølv å gå inn i bugnande, duftande frukthagar og plukke sine eigne eple eller plommer.

Nordre Nes økologisk eplemost

Til eplemosten vår brukar vi kun våre eigne økologiske epler. Sidan vi dyrkar og haustar epla sjølv, har vi god kontroll at det er god frukt som havnar i mosten vår. Vi haustar epla ein dag, og neste dag vert dei pressa på Telemark- frukt og bærpresseri på Gvarv. Nordre Nes økologisk eplemost inneheld kun våre eigne økologiske epler, ingen tilsetningsstoff. Den skal serverast kald, passar perfekt som tilbehør til mat, eller som ein iskald leskande drikk aleine. Mosten er pressa med fruktkjøtt. Dette vil etter ei tid synke til botn av flaska, det er derfor lurt å riste flaska godt før bruk. Alle eplemostane våre er Debiogodkjente.

Prestgard eplesider

Garden vår vert kalla for “Prestgarden.” Derfor kallar vi eplesideren vår Prestgard. Sideren er musserande, tørr, syrleg og frisk. Han skal serverast iskald og passar godt til fisk, sjømat og kvitt kjøt, men også til rettar med sødme og fylde, som f.eks fårikål. For å lage “Prestgard” set vi nypressa, upasteurisert eplemost på ein tank, så får han stå og putre og godgjere seg gjennom hauseten og vinteren . Gjæringa kjem raskt igang og villgjæren gjer most om til sider. Sideren vår er derfor spontangjæra. Villgjæren er den naturlege gjæren som finnast på epleskallet, men den kan også vere i låven der sideren blir laga.

Historien

Garden vert av eldre folk kalla Prestgarden og navnet på sideren vår er tatt fritt etter dette. Garden er ikkje ein prestegard nå, men soga fortel at det var her prestegarden i Nes sokn var før svartedauden. Seinare vart garden enkesete, slik at enka etter presten hadde burett her. I 1892 vart garden dela i to bruk, begge har fortsatt navnet Nordre Nes. Vi bur på den eine av desse gardane. Dettte er bakgrunnen for årstalet 1892 påeplemostetiketten vår.

Våre produkter finner du i disse kategoriene
Drikkevarer
DRIKKEVARER
Juice
Økologisk
Eplemost Discovery Øko 0,75L flaske (Nordre Nes)
Produsert i Norge
80,00
1 stk (0.75 l)
106,67 kr/L
Økologisk
Eplemost James Grieve Øko 0,75L flaske (Nordre Nes)
Produsert i Norge
80,00
1 stk (0.75 l)
106,67 kr/L
Økologisk
Eplemost Discovery Øko 3L BiB (Nordre Nes)
Produsert i Norge
225,00
1 stk (3 l)
75,00 kr/L
Økologisk
Eplemost «Rosette» Øko 0.75l flaske (Nordre Nes)
Produsert i Norge
80,00
1 stk (0.75 l)
106,67 kr/L
Leskedrikk
Økologisk
Eplebrus Rubinstep Øko 0.33l boks (Nordre Nes)
Produsert i Norge
39,00
1 stk (0.33 l)
118,18 kr/L