Vår historie byrjar på 1740-tallet då prosten Hans Carsten Atche fekk tak i potet på ein handelsreise, og tek oss vidare til Hertzberg (prost) og Hjeltnes (gårdsbruker) på vestlandet. Historia endar opp hos lensmann og gardsbruker Ola Hamarsbøen i Hallingdal som ga poteten navnet kanteføl, etter dansk ”kartoffel”. Poteten kallast framleis for kanteføl i Hallingdal og Valdres. Uttrykket er kjent heilt ned til Hurum ved Oslofjorden. Kantefølflak er chips (eller potetgull om du vil) som er produsert i liten skala. Eksklusive greier! Det er god gamaldags småskalaproduksjon, sett i forhold til våre store vener i butikkhyllene. At me er små er ein fordel med tanke på kontroll og kvalitetssikring. Me har basert oss på potet frå Hallingdal i Noreg, men for å kunne levere til ei kvar tid, takka vera ein stor etterspurnad, så må me av og til hente potetar frå produsentar utanfor kommune, fylkes- og landegrensene slik som alle dei andre produsentane i Noreg av og til må gjera. Me kan difor ikkje til ei kvar tid garantere for at poteten i posane er frå gardsbruka som me har besøkt og fotografert arbeidet hos, sjølv om det er ein ambisjon og eit ønske frå vår side å bruke mest mogleg lokalt.