Brimi sæter

Garmo
Brimi sæter

Velkomen til Brimi sæter! Kvar sommar følgjer vi tradisjonen og flytter med oss dyra hit til setra for å utnytte det næringsrike fjellbeitet. Her har vi realisert draumen om eit godt liv – med husdyr, heimelaga mat, turar og roa i fjellet. Setra er open, og vi vil gjerne dele idyllen med deg, familien din, venene og kollegaene dine.

På setra mjølkar vi kyrne og foredlar den unike fjellmjølka til smakfulle seterprodukt som du kan smake hjå oss eller kjøpe med deg heim. Vi syner deg korleis dei handlaga ostane tek form i ysteriet, og du få nærkontakt med dyra – inne og ute. Vi byr på ekte og ureist seterkost basert på råvarer frå garden og setra.

Våre produkter finner du i disse kategoriene
Meieri
MEIERI
Ost
Sæterost, gamaldags tradisjonell fast kvitost
Produsert i Norge
145,00
1 stk (250 g)
580,00 kr/kg